onsdag 27. november 2013

Første jeksel - 10 mnd

I dag oppdaga eg at Inga har fått sin første jeksel (og tann nr. 9)
Oppe (til venstre?)
Den har sikkert komt for eit par daga sidan.




tirsdag 12. november 2013

Majas dress

Snille Trine har lånt oss Nøstebarn-dressen til Maja. Deilig :)

Lilleborg Skole

Vi har henta Tora på AKS/SFO og sidan alle var inne fekk eg prøve dissene ute :)
Det er så morro når Tora leiker med meg!
Helsing Inga

fredag 8. november 2013

Pannevelt i trappa...

I dag klarte Inga å få tak i ei panne som sto på kjøkkenbenken. Det hadde eg aldri trudd! (for då hadde den selvfølgelig ikkje stått der...)
Ho må ha stått på øverste trinn i kjøkkeninngangen og reist seg opp etter veggen og (ikkje skjønner eg korleis ho har nådd opp) men ho må ha nådd opp til hanken. Panna var full av fisk og fiskevatn frå i går, som eg skulle sette ut til katten. Dette klarte ho å velte over seg. Eg såg berre panna for... og så såg eg Inga, fisk, vatn og fiskeskeia utover heile kjøkkengovlet. Heldigvis gikk det helt fint. Vatnet var kaldt og såg ikkje tegn til at ho hadde slått seg. Ho skreik litt av sjokket over vatn, bråk og min reaksjon, men det gjekk fort over. 
Så no veit eg at eg kan ikkje sette noko der altså....

Etter pannevelten



Stakkars pøne med hoven leppe...




Her er åstedet - det var mamma si skyld,
som hadde lagt jakka i trappa, sånn at det plutselig var glatt der...

Mamma syns synd i den lille snupsa si :)