søndag 26. mai 2013

Lese bok

med storesøster og storebror :)

gnagenett

Mamma kjøpte gnagenetting til Inga før ho var født, for det brukte Tora så mykje. Endelig tok vi det fram. Tora vaska det og skar opp eple som ho hadde inni og ga Inga så ho fekk sutte litt på :)

lørdag 25. mai 2013

byggebaby

Det er viktig at Inga også får sin dose bygging i oppveksten eller så blir det urut(ferdig)...

onsdag 22. mai 2013

torsdag 16. mai 2013

onsdag 15. mai 2013

snurre rundt (og rundt og rundt)


I dag såg eg det sjølv. Du låg på leikematta di på golvet og rulla opp på magen, låg der litt velta over på ryggen og rulla opp igjen på magen. Slik fortsatte du bortover golvet. Hjelp! Inga er mobil! Unger, rydd vekk alle småting!

tirsdag 14. mai 2013

Rullende Inga!

Flinke Inga som låg på ryggen og vips så låg ho på magen. Mamma måtte spørre Brage om han hadde snudd ho, men han sa nei. Plutselig rulla ho en gang til. Då var det vel ho sjølv som gjorde det på fredag også. Eg som trudde Brage hadde hjelpt litt til sjølv om han sa nei då óg...

søndag 12. mai 2013

Iskrem... smatt smatt

Alle barna åt iskrem unntatt Inga - for ho baby og fikk ingentinga!

Stakkars Inga, tenkte mor - du har jo blitt litt stor... (3,5 mnd)
Tok skeia med iskrem på leppa - og Inga blei ikkje akkurat deppa.

Milepæl - første smaksprøve på mat!
Mors innfall ved søndagsdesserten hos farmor :)

torsdag 9. mai 2013

herding

Inga må tidlig bli vandt til herjing. Men Brage er også veldig flink med lillesysta og veldig opptatt av ho :)

Inga har fått si første tann!


Torsdag 9. mai, på Kristihimmelfartsdag, fekk Inga si første tann!
Den er ikkje stor, men mamma såg at det var noko der, og måtte kjenne etter.
Jammen er det ikkje noko bittelite hardt og skarpt i underkjeven :)

Prøvde å ta bilde av tanna, men det var ikkje lett...

Inga skal pille på alt no. Mobilen til mor er intet unntak.
Det var derfor ikkje så lett å ta nærbilde av tanna...

onsdag 8. mai 2013

Besøk av Marius og Maja

I dag har Inga hatt besøk av sine framtidige leikekompiser, Marius og Maja ;)
Mammene trilla og kosa seg med kaffi og croissant i sola.

fredag 3. mai 2013